Fakta om merkjeprosjektet for hjort i Sunnfjord og Ytre Sogn.

Sjå også www.bio.uio.no/forskning/prosjekt/gpshjort

Foto (C) J T solheim Norsk Hjortesenter

	Mekjeprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom grunneigarane og 
	offentleg viltforvaltning i Sunnfjord og ytre Sogn.

	
	Styret er slik samansett:
Styreleiar: Hallvard Flatjord Jølster hjorteutval
Styremedlem: Magne Follevåg Askvoll kommune og Øystein Menes Førde hjorteutval.
Sekretær: Finn Olav Myhren avdelingsleiar i utmarksprosjektet i Sogn og Fjordane Skogeigarlag.
Fagleg ansvarleg: Stiftinga Norsk Hjortesenter,Svanøy og Universitetet i Oslo.
	Bakgrunnen for prosjektet er kunnskapsbehov om områdebruken til hjorten 
	i regionen.Vi veit pr i dag lite om korleis hjorten i Sunnfjord og 
	ytre Sogn brukar areala,og det er vanskeleg å avgrense dei ulike 
	hjortestammane i området.
	Gjennom  eit merkjeforsøk ,samt å prøve å samanstille andre innsamla 
	data frå hjort i området,vil vi få tilgong til ny kunnskap.Denne 
	kunnskapen vil danne grunnlag for ei god felles og målretta
	hjorteforvaltning i framtida.
	Det har og vore eit viktig punkt at ein ved slike forsøk skaper 
	interesse og engasjement for vidare arbeid med forvaltninga av hjorten.
	Prosjektmål:
	    * Utvikle ny kunnskap om hjorten sitt vandringsmønster og 
		  områdebruk i Sunnfjord og ytre Sogn
	    * Skape betre beslutningsgrunnlag for aktørane i forvaltinga av 
		  ressursen hjort i Sunnfjord og ytre Sogn
	    * Skape grunlag for ei målretta hjorteforvaltning og ei betre 
		  ressursutnytting  av hjorten i området.
	
	Det vert lagt opp til slik prioritet og satsing i prosjektet.
		 Merkjeforsøk hjort - trekkvegar og områdebruk
	Tillegg:
			Bestandsestimat
			Områdeavgrensing av ulike hjortebestandar
			Vurderig av beitetilgong
	Tillegget skal gjerast gjennom:
			Samanstilling av innsamla Sett hjortmatriale med slaktevekter
			Samanstilling av innsamla kjevar og ovarier - alderbestemming/
			kondisjon.
			
	Dei kommunane som er med i prosjektet er: Flora , Naustdal ,Jølster ,Førde ,
    Gaular , Balestrand , Høyanger , Hyllestad , Askvoll ,Fjaler og Solund.
	
	Merkjeforsøk-omfang og teknologi
	Det er 25 hjortar som skal merkjast med GPS sendarar kvart år i tre merkjeår.
	Merkjing vil føregå i Januar/ Februar og hjorten går med sedarane i ca 10 mnd.
	GPS sendarane føretek jamnlege posisjoneringar til ei kvar tid. Data vert lagra 
	i halsbandet til ein får gjennfangst av dyret.Gjennfangst skjer ved at vi 
	peiler opp hjorten og løyser ut sendaren slik at den dett av. Data vert så 
	bearbeidd og presentert på kart på denne sida.
	Det er hodyr som i hovudsak skal merkjast,men vi reknar med å merkje ca fem 
	handyr i 2006.
	Frå 2006 reknar vi med å oppgradere fleire sendarar til SMS slik at vi kan 
	laste det ned på datamaskin og via telenettet til mobil.
	
	Totalt er heile prosjektet kostnadsrekna til kr 2 553 000,-
	
	Desse er med og yter tilskot til prosjektet:
	Alle kommunane som er med i prosjektet med sine viltfond
	Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Statlege viltfond
	Fylkesmannen i Sogn og Fjordane BU midlar
	Landbruksnemdene i indre Sunnfjord v/Magnus Mo.
	
	Merkjestasjonar - 2005 , 2006 , 2007.
	
	2005 
		Husetuft        	Førde kommune
		Grimsbø		        Jølster kommune
		Støylsskrea/Feten	Balestrand kommune
		Lone        		Fjaler Kommune
		
	2006
		Sande           Gaular kommune
		Ringstad	 Askvoll kommune
		Sunnarvåg	 Flora kommune
		Årdal 		 Jølster kommune
		
	2007
	      Svortevik  	Flora kommune
		Åsedalen	Naustdal kommune
		Torvund		Høyanger kommuneS
		Losna		Solund Kommune
		
	Det kan verte endringar i desse planane