01.10.07:
Sidene inneheld m.a. meir fleksible kart over hjorten sine posisjonar. Sidene finn du her.
08.12.06:
er no godt i gang, og karta vil bli lagt ut fortløpande. Sjå
under Radiopeiling.
08.12.16:
Data frå individ 224 i Balestrand vart tilgjengeleg ved at dyret vart skote i haust. Sjå under Radiopeiling.
Det er som i fjor planen at vi skal merke 25 hodyr i tillegg til 5 hanndyr.
Merkinga dette året kom seint i gong grunna dårlege snøtilhøve,
men då vi først starta gjekk det svært godt. Den praktiske
utføringa gjekk føre seg på same måte som i 2005,
og vi har merkt dyr i Gaular kommune, Askvoll kommune og i Flora kommune.
Ulikt frå i 2005 har vi sett på ein GSM – sendar på
ei av kollen vi merka i Flora. Denne skal vi laste ned ein gong i månaden
og presentere på kart på heimesida.
Arbeide med merkinga er sett opp i tabellen nedanfor, og her finn de og informasjon
om dei einskilde individ i høve til kvar dei er merka og kva nummer dei
har.
Vi skal vidare utover våren arbeide med å merka hanndyr og lista
under vil verte løypande oppdatert i høve til dette.
Dato |
Merkelokalitet |
Øyreklypenummer |
Andre opplysningar |
| 01.03.2006 | Flora, Bjørnset | 32 | Vaksen kolle m/kalv |
| 01.03.2006 | Flora, Mekjevika | 33 | Gammel kolle |
| 05.03.2006 | Gaular, Hauken | 34 |
Ungdyr |
| 05.03.2006 | Gaular, Hauken | 35 | Vaksen kolle m/kalv |
| 05.03.2006 | Gaular, Hauken | 36 | Vaksen kolle m/kalv |
| 08.03.2006 | Flora, Mekjevika | 37 | Ungdyr |
| 08.03.2006 | Flora, Mekjevika | 38 | Vaksen kolle |
| 08.03.2006 | Flora, Mekjevika | 39 | Vaksen kolle |
| 15.03.2006 | Askvoll, Helleset | 40 | Vaksen kolle |
| 15.03.2006 | Askvoll, Eimind | 41 | Vaksen kolle m/kalv |
| 20.03.2006 | Flora, Bjørnset | 42 | Ung kolle |
| 20.03.2006 | Flora, Bjørnset | 43 | Vaksen kolle |
| 21.03.2006 | Gaular, Osen | 44 | Vaksen kolle m/kalv |
| 21.03.2006 | Gaular, Osen | 45 | Vaksen kolle m/kalv |
| 21.03.2006 | Gaular, Osen | 46 | Vaksen kolle m/kalv |
| 28.03.2006 | Askvoll, Helleset | 47 | Ung kolle |
| 28.03.2006 | Askvoll. Eimind | 48 | Vaksen kolle |
natt til 23.06 i Dvergsdalsdalen i Jølster. Sjå bilete
under Foto.
Vi har nå fått resultat frå den første SMS - dyra.
Desse finn du om du går inn på radiopeiling .
finn du her.
Takka vere god innsat frå merkjepersonellet Johan Trygve Solheim (Norsk
Hjortesenter) og veterinær Terje Negård er det nå merka 3
vaksne hanndyr til i Dvergsdalen i Jølster.
Prosjektet starta i vår arbeidet med å merke 8 bukkar med GPS-
halsband med SMS-utstyr. Status no er at der er merka ein vaksen bukk i Gaular
kommune i området Osen – Bygstad. Hanndyra som vert merka skal utstyrast
med halsband med SMS- funksjon. Dette gjer til at vi kan laste ned områdebruken
heile tida gitt at hjorten befinn seg innanfor telefondekning. Ei av kollene
som blei merka i Florø har og ein slik sendar. Informasjon frå
desse halsbanda vil verte lagt ut på heimesidene under ei ny fane.
Grunna diverse utfordringar har det ikkje vore stor aktivitet på desse sidene det siste året, men nå har vi løyst dei tekniske utfordringane og frå nå av vil sidene verte oppdatert løpande etterkvart som prosjektet skrid fram.
Merkinga i 2005 gjekk overmåte greitt og ein byrja så vidt å peile dei merka dyra i starten av april i 2005. Vi trudde lenge at vi hadde kontakt med alle dyra, men det syner seg nå at det er ei av kollene som blei merkt på Grimsbøen i Jølster vi aldri har fått signal av. Vi arbeider aktivt for å finne denne, og vi håper og trur at vi skal lukkast.
Av dei 25 kollene vi merka i 2005 har vi fått tilbake 21 halsband. Det vi erfarte var at det ikkje var så lett som vi trudde å få av halsbanda ved å bruke dropp – offèn. Det var berre 4 av halsbanda som fall av umiddelbart, resten hang på i opp til 3 veker. Og 3 av dei heng på i dag og. Dette har ført til at vi må bruke mykje tid på feltsøk etter halsbanda, og vi har hatt god hjelp av lokale kontaktpersonar i dette arbeidet.
Dei halsbanda vi har fått inn vart sendt til Universitetet i Oslo kor
dei la inn sporløypene i kart, og dette finn du under ”radiopeiling”
opp til høgre i menyen. Her skal vi etterkvart legge inn eit nytt punkt
som tek føre seg karta over dei merka dyra.